Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjon born 0-5 år og jordmorteneste

Helsestasjon 0-5 år

 Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeider både med psykisk/fysisk helse og sosiale forhold. Tilsette er legar, helsesøstre og assistentar. Arbeidet inneber m.a. foreldrevegleiing og rådgjeving, heimebesøk til nyfødde, helseundersøking for spe- og småbarn, vaksinering, kartlegging, støttande/motiverande samtaler, oppfølging og nettverksarbeid.

Me har fokus på vegleiing og støtte i spørsmål om barnets vekst og utvikling, og me vurderer og gjev råd i høve til tilknyting, kommunikasjon, samspel og trivnad. Me ønskjer å hjelpe born og familiar som opplever overgrep, vold, rus eller andre vanskelege heimeforhold.

Me tilviser vidare ved behov, og samarbeider m.a. med fastlege, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern. Me har teieplikt, og samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Tenesta driv førebyggande og helsefremjande arbeid. Dersom barnet er sjukt og treng behandling, skal ein nytte fastlegen sin. Helsestasjonen kan gje råd dersom foreldre t.d. er usikre på barnets symptom og behov for legevurdering. Febersjuke barn skal ikkje møte på helsestasjonen, men føresette kan ringe for rådgjeving.

 Les meir om tiltak frå helsestasjon – førebyggande helse

Kontaktinformasjon helsestasjon:

Stord helsestasjon, Lønningsåsen 9 b, Tlf. 53 49 69 85
Ope måndag-torsdag 08.30-15.00. Fredag etter avtale.

 Nordbygdo helsestasjon, Kleivane 31, Tlf. 53 45 44 10
Ope tysdag, onsdag og torsdag 08.30-15.00. Måndag og fredag etter avtale

 Sagvåg helsestasjon, Vassneset 1, Tlf. 53 49 68 54

Ope måndag, tysdag og onsdag 08.30-15.00. Torsdag og fredag etter avtale.

 Postadresse for alle helsestasjonane: Pb 323, 5402 Stord

Jordmorteneste og svangerskapsomsorg 

Jordmortenesta er del av helsestasjonstenesta i kommunen. Me har tilbod for gravide, barselkvinner/par og nyfødde spedborn. Den gravide står fritt til å velje oppfølging hjå jordmor eller fastlege. Me tilrår å kome til ein vegleiingssamtale med jordmor tidleg, og deretter følgje svangerskapsprogram.

Me tilpassar oppfølging etter risikovurdering og individuelle behov. Målet er å styrkja det som bidrar til god helse, meistring og normal utvikling i svangerskapet, og å avdekke risiko slik at tiltak vert sett inn i rett tid.

Gjennom helsekontroll, helsesamtale, råd og vegleiing vil me gi støtte i svangerskap, fødsel og tida med det nyfødde barnet. Dette er ei viktig tid i livet der glede og forventning er stor. Me vil gjerne bidra med kunnskap, og møte den gravide på dei tankane ho har i situasjonen. Vår erfaring er at dette er ei tid der ein kan ha behov for nokon å snakke med, særleg dersom livssituasjonen er krevjande og bekymring og uro forstyrrar.

Me har tilbod om svangerskapskurs fortløpande og etter innmeldt behov. Jordmortenesta kan også tilby hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon.

Les meir om tiltak frå jordmortenesta – førebyggande helse her

Kontaktinformasjon:

Jordmor: Sissel Tuft Baldersheim           

Stord helsestasjon, Lønningsåsen 9 b, måndag og tysdag
Telefon 53 49 69 90 / 951 40 154

Jordmor: Grethe S. Eide

Sagvåg helsestasjon, Vassneset 1, måndag, tysdag og onsdag.                 Stord helsestasjon torsdag og oddetals fredag.
Telefon 53 49 68 54 / 950 97 284

Postadresse: Pb 323, 5402 Stord

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år.

Me har mellom anna som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane, noko som har sterk samanheng med elevane sin helsetilstand. God helse er utgangspunktet for trivnad, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet.

Skulehelsetenesta arbeider målretta. Dette betyr at elevane vert kalla inn til helsesøster på grunnlag av tidlegare funn, eller etter ønskje frå eleven sjølv, føresette eller lærarar.

Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale.

Elevane kan få råd og vegleiing, og me gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtaler og vaksinasjonar på faste alderstrinn. Me tilbyr også samtale og oppfølging av elevar med ulike vanskar og utfordringar, og foreldrevegleiing til dei som ønskjer det. Me gjer timeavtale for faste undersøkingar og oppfølgingssamtaler.

Helsesøster kan m.a. gje vegleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Me kan også tilby støttesamtaler/motiverande samtaler for dei som har behov for det.

Etter kartlegging hjå helsesøster kan elevar bli vist vidare til andre hjelpeinstansar, t.d. fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Saman kan me identifisere og løyse helsemessige utfordringar. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette /evt. eleven sjølv.

Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, m.a. om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv. Skulelege og andre aktørar deltek i deler av undervisninga.

Les meir om tiltak frå skulehelsetenesta – førebyggande helse her

Kontaktinformasjon skulehelsetenesta:

Helsesøster har ein eller fleire faste dagar ved eige kontor på skulen. Ekspedisjonen på skulen kan opplyse kva tid helsesøster er å treffe, evt. korleis ein kan nå henne/han på telefon. Sjå liste over tilsette i skulehelsetenesta, som viser kva dagar dei ulike helsesøstrene har fast tid i skulen, og kva telefonnummer dei har.

Kontaktinformasjon leiarar v/Førebyggjande helsetenester

Leiande helsesøster Sigrun Helland, 53 49 69 85 eller 957 76 434 Sigrun.helland@stord.kommune.no

Einingsleiar Birthe Blokhus, 920 64 415    Birthe.blokhus@stord.kommune.no

Helsestasjon for ungdom

Ved helsestasjon for ungdom kan ungdom få råd og vegleiing om alt som opptar dei. Her kan og gje råd om å oppsøke andre hjelpeinstansar, som skulehelseteneste, barnevern, fastlege eller spesialist. Helsestasjonen er bemanna av helsesøster og lege.

Dei tilsette har teieplikt, og ungdom kan kome dit med alle typar spørsmål, utan å «risikere» å møte foreldre. Tilbodet er gratis, og ein kjem utan timeavtale.

Målgruppa er ungdom opp til 20 år.

Tilbodet gjeld og studentar ved Høgskulen på Vestlandet

Opningstid/stad:

Kvar onsdag frå kl. 18.00 til 20.00. Helsestasjon for ungdom følgjer skuleruta med sine opningstider.

Helsestasjon for ungdom er lokalisert til Lønningsåsen 9B på Leirvik. Postadresse: Pb 323, 5402 Stord

Ved helsestasjon svarar me på spørsmål om kroppen, problem på skulen, forholdet til kjærast, vennskap, seksualitet, rus, røyking/snusing, graviditet, menstruasjon, prevensjon, kosthold, slanking og etevanskar, psykiske vanskar, vonde opplevingar, til dømes seksuelle overgrep, vold eller sjukdom i familien. Og mykje anna.

På helsestasjon for ungdom kan ein m.a. få reseptar og anna behandling for helseproblem, prevensjonsrettleiing og prevensjon, testing med tanke på kjønnssjukdomar eller graviditetstesting. All testing og behandling mot kjønnssjukdommar er gratis. Ved akutt sjukdom, kroniske lidingar/plager, eller ved behov for meir grundig og langvarig utgreiing, behandling eller oppfølging, er det fastlege/evt. legevakt som skal nyttast.

Kontaktinformasjon, Helsestasjon for ungdom:

Helsesøster Monica Brekke Fosse Tlf. 971 08 068  Monica.brekke.fosse@stord.kommune.no

Helsesøster Bente Sirnes Tlf. 902 50 107      Bente.sirnes@stord.kommune.no

 

Utekontakten

Utekontakten

Utekontakten er ei oppsøkande og tilgjengeleg teneste for ungdom og unge vaksne i alderen 13 til 23 år. Tenesta er for alle ungdomar i Stord kommune og nettverket deira. Me har eit førebyggjande fokus, og jobbar opp mot rus, kriminalitet og psykososiale utfordringar. Utekontakten skal ha oversikt over ungdomsmiljøet i kommunen, og skal bidra til at ungdom si stemme blir høyrt.

Me bidreg med råd og rettleiing til foreldre/pårørande og samarbeidspartnarar som tek kontakt med oss, og samarbeider med andre som har kontakt med og arbeidar for ungdom på Stord.

Utekontakten er ei lågterskelteneste. Du kan ta kontakt med oss når du ynskjer nokon å prata med, eller om du skulle trenga rettleiing, råd og hjelp til deg sjølv eller andre. Me har teieplikt. Har du eit problem me synest er veldig alvorleg vil me diskutera dette med deg, for å sjå om ikkje andre kan hjelpe deg betre enn oss. Me kan hjelpa deg å komme i kontakt med desse.

Lokala våre ligg i Hamnegata 22. Me har «Open stove» måndagar og tysdagar frå 14.00 til 15.30 og torsdagar frå 15.00 til 19.00, der du kan kome innom utan avtale.

Les meir om tiltak frå ungdomsteamet/ utekontakten her

Kontaktinformasjon:

John Henrik Staveland Sæter, 97 55 21 21

Bodil Nesbø, 97 55 21 24

E-post: utekontakten@stord.kommune.no

Facebook: Utekontakten Stord

Besøksadresse: Hamnegata 22 (inngong v/leikeplass), 5411 Stord

Einingsleiar: Birthe Blohus, tlf. 92 06 44 15                                            birthe.blokhus@stord.kommune.no

Ungdomskontakt

Ungdomskontakt er ei nyoppretta prosjektstilling som skal møte ungdommar mellom 13- 23 år. Fokuset skal vere på ungdommar som treng ei ekstra støtte i kvardagen og som har samansette utfordringar. Målet er at ein skal kunne møte den enkelte ungdom på deira behov og hjelpe dei til å ta gode val for seg sjølv.

Ungdomskontakta skal ha eit tett samarbeid med tenestene rundt ungdommen og kan vere eit bindeledd i oppfølgingsarbeid som krev ekstra innsats. Ungdomskontakta skal vere fleksibel i møte med ungdommen. Ein tek gjerne turen ut av kontoret og heim til deg, eller om det er ein annan plass du ynskjer å møte meg.

Ungdomskontakta har teieplikt. Det vil sei at det du fortel til meg, fortel eg ikkje vidare. Har du eit problem ein tenkjer er veldig alvorleg, vil ein drøfte det meg deg og kanskje ein treng å få hjelp av andre.

Du kan ta kontakt med Ungdomskontakt dersom:

  • Du ynskjer nokon å prate med.
  • Du har spørsmål du lurar på i høve rus.
  • Du har psykiske utfordringar.
  • Du synast det er vanskeleg å gå på skulen, og vert ofte heime (skulevegring).
  • Du er pårørande og bekymra.
  • Du er bekymra for ein venn.
  • Du arbeider i systemet og veit om ein ungdom som kan trenge ei ekstra støtte.

Les meir om tiltak frå ungdomsteamet/ ungdomskontakten her

Ungdomskontakten har kontorfellskap og samarbeid med utekontakten. Dei har same adresse: Hamnegata 22 (inngong v/leikeplass), 5411 Stord

Kontaktinformasjon:

Bente Grindevik Tholvsen, tlf. 99 01 90 23

E-post:bente.g.tholvsen@stord.kommune.no

Einingsleiar Birthe Blokhus, tlf 92 06 44 15

E-post: birthe.blokhus@stord.kommune.no

SLT koordinator

SLT står for samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Målet er at barn og unge i kommunen skal få riktig hjelp til riktig tid av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av einingar og faggrupper. Rus- og kriminalitetsførebyggjande arbeid er ein sentral del av folkehelsearbeidet og det førebyggjande arbeidet for barn og unge i Stord kommune. Kommunen har eit kriminalitetsførebyggjande samarbeid med Stord lensmannskontor gjennom SLT modellen.

Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar.

Les meir om tiltak frå ungdomsteamet/ SLT koordinator her

Kontakt:

SLT-koordinator Bjarte Epland, tlf 48 15 32 18                                                     Bjarte.epland@stord.kommune.no

 

Barnevernet

Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB) er felles barnevernteneste for kommunane Stord, Fitjar og Bømlo.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lev under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Me som jobbar i barneverntenesta er stort sett barnevernspedagogar eller sosionomar.

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har me frist på ei veke til å konkludere om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt. Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månadar. Ved endt undersøking skal barneverntenesta ha konkludert korvidt undersøkinga skal henleggast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak som omsorgsovertaking i familien.

Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, mottek frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan vere foreldrerettleiing, fritidskontakt, besøksheim eller økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak.

Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg me stor vekt på samtalar med barna for å få fram korleis dei opplev sin eigen situasjon.

Oversikt over tiltak frå barneverntenesta her

Kontaktinfo

Leiar: Jørund Tvedt

E-post:  jorund.Tvedt@stord.kommune.no

Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste
Postboks 326,  5402 Stord

Barnevernet sin mottakstelefon:  97 55 21 63
Open vekedagar (måndag-fredag) 08.30-14.00

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111 (gratis)  Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 – 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.

Fysioterapiteneste for barn og unge

Fysioterapitenesta gjev tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne og motoriske vanskar. Tenesta er delt i aldersgruppene 0-8 år og 8-16 år. Me skal bidra til å fremje meistring, deltaking og sjølvstende hos barn og unge, på bakgrunn av utgreiing, undersøking, observasjon og samarbeid med brukar, pårørande og andre yrkesgrupper som kan vere aktuelle.

Fysioterapeuten har kompetanse til å vurdere funksjonsproblem og bidra til tiltak som kan styrke barn og unge si funksjonsevne og deltaking, m.a. gjennom vegleiing og rådgjeving til foreldre og samarbeidspartar. Fysioterapeuten samarbeider om tilrettelegging i heim og barnehage/skule, m.a. med fokus på leik, målretta aktivitet og trening. Fysioterapeuten kan også vurdere, søkje om, og tilpasse hjelpemiddel for målgruppa.

Fysioterapeut deltek i ansvarsgrupper, kan vere koordinator for desse og medverke til utarbeiding av individuell plan. Barn/ungdom/føresette kan ta direkte kontakt med fysioterapeut, eller tilvisast av lege eller andre yrkesgrupper i helsevesenet. Ved akutt skade og smerte, ta kontakt med fastlege, som evt. kan tilvise til privat fysioterapi-institutt.

Kontaktinformasjon fysioterapeut:

Tilbod 0-8 år:

Torill Skjetne, tlf 53 49 69 86/908 52 436   torill.skjetne@stord.kommune.no

Tilbod 8-16 år:

Nils Magne Blålid, tlf. 53 49 66 94                                             nils.magne.blalid@stord.kommune.no

Besøksadresse: Stord helsestasjon, Lønningsåsen 9 b

Postadresse: Pb 323, 5402 Stord

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Målgruppa til PPT er barn, ungdom og elevar som ikkje får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet i skule, eller ikkje får dekka behova sine innanfor det allmennpedagogiske tilbodet i barnehage.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal sørgje for at det blir utarbeidd ei sakkunnig vurdering der lova krev det. Dette gjeld først og fremst vurdering om behov for spesialpedagogisk hjelp for born i førskulealder og behov for spesialundervisning for elevar i grunnskule og i vaksenopplæring på grunnskulen sitt område.

PP-tjenesten skal også bistå barnehagar og skular  i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling, dette kan skje gjennom lærande nettverk som er temabasert eller generelle.

Det er opplæringsloven som krev at PPT gjer denne vurderinga, då PPT er både fagleg kompetent og ein nøytral part. PPT skal gjere ei sakkyndig vurdering i desse tilfella:

  • Søknad om tidleg eller utsett skulestart
  • Spesialpedagogisk hjelp
  • Spesialundervisning
  • Fritak frå opplæring
  • Punktskriftopplæring
  • Teiknspråkopplæring
  • Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)Born/elevar under 15 år blir tilvist av føresette sjølve eller i samråd med barnehage/skule/helsestasjon. Unge over 15 år kan ta initiativ til tilvising sjølv, eventuelt i samarbeid med skulen.

Før tilvising til PPT:

  • Du kan kontakte PP- tenesta med hjelp for kva som skal vera kartlagt før ei tilvising frå barnehage og skule, eller nytta deg av skjema:

Dersom du som føresett treng rettleiing ikring dette ta kontakt med oss for hjelp.

Ved tilvising til PPT:

Etter at ein har kartlagt det som skal vera før tilvising og fylt ut pedagogisk rapport, og andre kartleggingar som ein  eventuelt har; testrestultat, utskrift av stafettlogg  liknande. Så fyller du ut tilvisingskjema, som ligg i lenkene her:

Tiltak frå PPT kan du lesa meir om her.

Kontaktinformasjon:

Fagleg leiar: Jannecke Fjeldtvedt tlf: 53 49 69 46

e-post: jannecke.fjeldtvedt@stord.kommune.no.

Einingsleiar: Birthe Blokhus, tlf: 92 06 44 15

e-post: birthe.blokhus@stord.kommune.no  

Logopedtenester for barn og unge

Generelt om tenesta:

Logopeden arbeider både direkte med barn og unge, og indirekte i form av rådgjeving til føresette, barnehage og skule. Dei viktigaste samarbeidspartnarane er føresette, barnehage, skule, helsestasjon og PPT.

Målgruppe:

1.Førskulebarn og elevar i grunnskulen med:

  • Språkvanskar (vanskar med omgrep, setningsoppbygging eller grammatikk)
  • Uttalevanskar og fonologiske vanskar
  • Taleflytvanskar (stamming og løpsk tale)
  • Stemmevanskar

2. Foreldre, barnehagar og skular (rådgjeving og førebyggande arbeid)

Korleis få utført eller motta tenesta:

  • Ved generelle spørsmål til logopediske område, kan ein gjerne ta kontakt med logopeden for å rådføra seg.
  • Dersom ein er uroleg for eit barn med spesifikke utfordringar knytt til språklydar, taleflyt eller stemme, kan ein avtale eit nettverksmøte der logopeden vert invitert inn saman med barnehage/skule og føresette. I enkelte tilfelle vil det få vera aktuelt at logopeden arbeider direkte med barnet etter eit slikt møte, og gir rettleiing til føresette og barnehage/skule i ein periode.
  • Dersom barnet har meir omfattande og vedvarande vanskar med spåket bør ein kontakta PP-tenesta og invitera til eit nettverksmøte saman med føresette og andre aktuelle samarbeidspartar. Dersom det etterkvart syner seg at barnet oppfyller retten til §5-1 i opplæringslova eller §19a i barnehagelova, kan det ha rett på oppfølging av logoped over ein lengre periode og føresette/ skule/ barnehage kan ha rett på rettleiing.

Kontaktinformasjon:

Logoped: Ingvild Fjell, tlf 53 49 69 37/ 90 80 03 50

Les meir om tiltak og tenester frå logoped her.

E-post: ingvild.fjell@stord.kommune.no

Spesialpedagogisk team - barnehage

Spesialpedagogane i Stord kommune har som oppgåve å utøva spesialpedagogisk hjel til barn under skulealder, som etter § 19 i barnehagelova har rett til spesialpedagogisk hjelp. Tenesta vert utført etter sakkunnig vurdering i PPT og deretter etter enkeltvedtak i Stord kommune.

Teamet kan og tilby rettleiing til barnehagane innanfor ulike tema.

Sjå oversikta over tiltak frå spesialpedagogisk team her

Kontaktperson: koordinator Asborg F. Hystad

e-post: asborg.fresvik.hystad@stord.kommune.no

Informasjon til barn og unge med nedsett funksjonsevne

Tildelingskontoret og Eining for habilitering har samarbeida om å utarbeida informasjon til føresette til barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune. Informasjonen finn du ved å fylgje lenka her.

Familievernkontoret

Familievernkontoret på Stord tilbyr gratis parterapi, familieterapi og pliktig mekling ved samlivsbrot. Du treng ikkje tilvising for å komma til oss.

Dei fleste kjem til oss for rådgivning og samtalar om kvardagsproblem i parforholdet. Eller når det er vanskar, konfliktar eller krisar i familien. Du kan heilt uforpliktande ta kontakt med oss per telefon eller epost.

Merk! Du må vera forsiktig med personopplysningar om du kontaktar oss på mail.

Me som jobbar på familievernkontoret er utdanna som psykologar, pedagogar og sosionomar med vidareutdanning i familieterapi. Alle som jobbar hjå oss har taushetsplikt.

Ventetid: Familievernkontoret har som mål å tilby meklingstime innan 3 veker fra bestilling. I andre saker som par- og familieterapi og foreldrerettleiing  har me som målsettjing at ventetida ikkje skal vera meir enn fire veker. I desse sakene vil par med barn blir prioritert.

https://www.bufdir.no/Familie/Kontor/Stord/

BUP Stord -psykisk helsevern for barn og unge

BUP står for barne og ungdomspsykiatri. Vi gjev eit spesialisert sjukehustilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande. BUP Stord er ei avdeling i  Helse Fonna som dekkjer kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad, Odda og Ullensvang.

Vi har tilbod innan utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring og AD/HD. Vidare innan depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

Her kan du lese meir om Helse Fonna BUP Stord sitt tilbod

Oppmøtestad Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.

Tlf: 53 49 12 20

Krisesenteret

Krisesenter Vest IKS

Vi er kommunens sitt lavterskel tilbud til kvinner, barn og menn som er utsatt for vold i nære relasjoner. Du trenger ingen henvisning men kan ta direkte kontakt. Du kan benytte deg av botilbudet dersom du har behov for beskyttelse eller du benytte deg av dagtilbudet og komme til samtale for råd og veiledning. Tilbudet er gratis og døgnåpent. Hos oss møter du kvalifisert personale med tverrfaglig høyskolekompetanse. Vi bistår deg med å knytte kontakt med det øvrige hjelpeapparatet i kommunen

 

Vår visjon: Bistand og beskyttelse. Kompetansesenter – vold i nære relasjoner.

Stord
Postadresse: P.b. 126, 5401 Stord
Døgnåpen telefon: 53 41 12 12

Haugesund
Postadresse: P.b 495, 5501 Haugesund

Nettsida til krisesenteret her

Politiet

Råd og forebygging
Det å vera merksam og å ta nokon førebyggjande grep kan vera med på å avdekka eller hindra kriminelle handlingar. Politiet kan gi deg råd om kva du kan gjera.

Dersom det er noko ein er uroa for når det gjeld barn og ungdom, kan ein kontakte  politiet på Stord. Der har ein ei førebyggjande eining i og ein politikontakt som er knytt opp mot vår kommune. Det er mogleg å snakke med desse om ein har nokon spørsmål.

Kontakt:

Stord Lensmannskontor
Telefon: 53 40 28 00
Adresse: Vabakkjen 7, 5411 Stord

Politikontakt i Sunnhordland
Nils Hopland Blikra
E-post: nils.blikra@politiet.no

Les meir om politiet her:
https://www.politiet.no